Årets Avløysarar 2013

Årets Avløysarar 2013

Norske Landbrukstenester er ein medlemsorganisasjon for avløysarlaga/landbrukstenestene i Noreg. Totalt er det 101 medlemslag som representerar rundt 15.000 aktive bønder. Medlemslaga lønna i fjor avløysartenester for ca. 1,3 milliardar NOK fordelt på ca. 5.000 årsverk. Kvart år siden 2000 er årets avløsysar kåra. Bakgrunnen for dette er å få merksemd mot den viktige ressursen avløysaren er for landbruket. Kåringa skjer fylkesvis.

Årets avløysarar, Haustsamling Sør, frå venstre: Øyvind Nytrøen, Irene Kaupang Tangen, Lene Hoksrud, Ann-Marlen Hagen, Arkadiusz Josef Cichy, Stein Roar Haugen, Frank Reidar Larsson.

Årets avløysarar, Haustsamling Sør, frå venstre Øyvind Nytrøen, Irene Kaupang Tangen, Lene Hoksrud, Ann-Marlen Hagen, Arkadiusz Josef Cichy, Stein Roar Haugen, Frank Reidar Larsson.

Årets avløysarar Haustsamling Nord, frå venstre: Morten Tunge, Erling Hanssen, Lars Jakob Løset.

Årets avløysarar Haustsamling Nord, frå venstre: Morten Tunge, Erling Hanssen, Lars Jakob Løset.

I 2013 vart det til saman kåra ti Årets Avløysar rundt om i landet. Desse ti er:Avløysarane gjer ein viktig jobb og er ein forutsetnad for at bøndene skal få ferie/fritid og ikkje minst hjelp ved sjukdom og kriser. Vi ser at bøndene set stor pris på avløysarane sine.

  • Øyvind Nytrøen – Landbrukstjenester Nord-Østerdal (Hedmark)
  • Irene Kaupang Tangen – Landbrukstjenester Akershus (Akershus)
  • Lene Hoksrud – Landbrukstjenester Sør (Aust-Agder)
  • Ann-Marlen Hagen – Landbrukstjenester Østfold (Østfold)
  • Arkadiusz Josef Cichy – Landbrukstjenester Sør (Vest-Agder)
  • Stein Roar Haugen – Landbrukstenester Sogn (Sogn og Fjordane)
  • Frank Reidar Larsson – Landbrukstjenester Hadeland-Toten (Oppland)
  • Erling Hanssen – Steinkjer og Omegn Avløserlag (Nord-Trøndelag)
  • Lars Jakob Løset – Indre Nordmøre Landbrukstenester (Møre og Romsdal)
  • Morten Tunge – Avløysarlaget Nord-Jæren ( Rogaland)

Alle prisvinnarane vart invitert til Norske Landbrukstenester sine årlege Haustsamlingar på Gardermoen og i Stjørdal, for å delta på samlingane og verte heidra under festmiddagen. Prisvinnarane fekk utdelt diplom, NLT-klokke og blomar. Norske Landbrukstenester vil takke Årets Avløysarar for prisverdig innsats i sitt yrke. Styret i Norske Landbrukstenester