Årets avløysarar 2011, Haustsamlinga på Gardermoen

På haustsamlinga på Gardermoen vart tre flotte representantar for avløysaryrket heidra for sin innsats. Desse tre var frå Aust-Agder, Renate Eknes Sundt – Landbrukstjenester Sør, frå Vest-Agder, Olaug Torunn Eiken – Landbrukstjenester Sør og frå Buskerud, Kajandren Kandasamy – Landbrukstenester Folgefonna. I tillegg var Gjermund Minge frå Landbrukstjenester Østfold kåra til Årets Avløysar i Østfold, men han var diverre ikkje til stades under utdelinga. 


Årets Avløysarar 2011:  Kajandren Kandasamy, Olaug Torunn Eiken og Renate Eknes Sundt.


Prisen vart utdelt under festmiddagen på Haustsamlinga på Gardermoen. Kvart år kårar Norske Landbrukstenester Årets Avløysar under Haustsamlingane. Kvart medlemslag nominerer sine tilsette som kjem inn under fastsatte kriteriar i sitt fylke. Valnemndene i kvart fylke går gjennom innkomne kandidatar og vel ut den dei meiner fortener prisen.

Vi gratulerer alle Årets Avløysarar og håpar dei fortset det gode arbeidet i mange år framover.