Årets avløysarar 2011, Haustsamlinga i Stjørdal

På haustsamlinga i Stjørdal vart tre flotte representantar for avløysaryrket heidra for sin innsats. Desse tre var Solfrid Bye frå Landbrukstjenesten Midtre Hålogaland, Geir Inge Almås frå Landbruk Nordvest og Anders Lomundal frå Landbrukstjenester i Sør-Trøndelag.



Årets Avløysarar som vart kåra på Haustsamlinga i Stjørdal. F.v. Geir Inge Almås, Solfrid Bye og Anders Lomundal.



Prisen fekk dei under festmiddagen på Haustsamlinga. Kvart år kårar Norske Landbrukstenester Årets Avløysar under Haustsamlingane. Kvart medlemslag nominerer sine tilsette som kjem inn under fastsatte kriteriar i sitt fylke. Valnemndene i kvart fylke går gjennom innkomne kandidatar og vel ut den dei meiner fortener prisen.

Vi gratulerer Årets Avløysarar og håpar dei fortset det gode arbeidet i mange år framover.