Årets Avløysarar 2009

Norske Landbrukstenester har i mange år kåra Årets Avløysar i Noreg. Sidan det er mange flotte kandidatar til denne prisen rundt om i landet vårt har vi valt å kåra ein Årets Avløysar i kvart fylke frå og med 2009. Valnemndene i kvart fylke har motteke kandidatar frå dei ulike avløysarlaga i sitt fylke. Valnemnda kåra Årets Avløysar i sitt fylke ut frå kandidatane som er komen inn. Det er eit særs vanskeleg val i og med at alle kandidatane er flotte representantar for avløysaryrket.


Årets Avløysarar vart invitert med fylje til haustsamlingane til NLT. Haustsamlingane fann stad i Stjørdal og på Gardermoen.

Vi vil gratulera dei seks avløysarane som vart kåra for 2009.
Dei seks er:

  • Kjell Vegard Furunes frå Ytre Namdal Landbrukstjenester (Nord-Trøndelag)

  • Werner Lindgaard frå Lofoten Avløserlag (Nordland)

  • Per Gunnar Erga frå Landbrukstenester Hordaland (Hordaland)

  • Knut Andersen frå Gjøvik Avløserlag (Oppland)

  • Thomas Viki frå Landbrukstjenester Sør (Aust-Agder)

  • Karl Tveiten frå Landbrukstjenester Sør (Vest-Agder)

Diverre kunne ikkje alle vera med på haustsamlingane, men alle har fått utdelt diplom og NLT-klokke. Vi håpar dei set pris på markeringa og ynskjer dei lukka til i sitt vidare arbeid som avløysarar.

Her er bilete av dei som var med oss på samlingane. (Klikk på bileta for å få dei større)

 

 

Frå venstre: Werner Lindgaard og Kjell Vegard Furunes Frå venstre: Finn Hoff (nestleiar NLT), Astrid Westberg (leiar NLT) og Årets Avløysar i Oppland Knut Andersen