Årets Avløysar 2015

Årets Avløysar

Kvart år kårar vi Årets Avløysar i fylka. I år vart elleve dyktige avløysarar heidra med denne tittelen, og alle vart invitert til å delta på haustsamlinga. Sju av desse dyktige avløysarane deltok på samlinga medan fire ikkje hadde anledning til å delta. Under festmiddagen på haustsamlinga vart alle heidra med god omtale, diplom, NLT-klokke og blomar. I heile landet er det avløysarar som gjer ein solid og god jobb for bonden, og NLTv er glad for at vi kan gjera litt stas på nokre av desse. I 2016 er det nye sjansar til å verte Årets Avløysar og vi håpar alle lag sender inn gode kandidatar til prisen.

Årets Avløysarar 2015: Frå venstre: Rolf Erik Røhjell, Bjørn Myhre, Erik Gimse Thoresen, Kåre Kvamme, Søren Thomsen, Jon Eivind Skogstad og Harald Svendheim Nilsen. Foto: NLT

Årets Avløysarar 2015: Frå venstre: Rolf Egil Røhjell, Bjørn Myhre, Erik Gimse Thoresen, Kåre Kvamme, Søren Thomsen,Jon Eivind Skogstad og Harald Svendheim Nilsen. Foto: NLT

Desse vart kåra til Årets Avløaysar i 2015

Rolf Egil Røhjell – Møre og Romsdal – Landbruk Nordvest
Kåre Kvamme – Sogn og Fjordane – Landbrukstenester Sogn
Tore Kyte – Hordaland – NLT Voss
Erik Gimse Thoresen – Buskerud – Lier og Omegn Avløserlag
Bjørn Myhre – Østfold – Landbrukstjenester Østfold
Bente Grefsrud – Oppland – Landbrukstjenester Hadeland – Toten
Søren Thomsen – Sør-Trøndelag – Trondheim og Omegn Avløserlag
Jon Eivind Skogstad – Nordland – Helgeland Landbrukstjenester
Harald Svendheim Nilsen – Hedmark – Landbrukstjenester Solør Odal
Jonny Lystad – Akershus – Landbrukstjenester Akershus
Henning Vistnes – Rogaland – Avløysarlaget Nord-Jæren

Dei fire som ikkje kunne møte fekk prisen tildelt via sin daglege leiar. Njål Forthun mottok for Tore Kyte, Anita Ødegård mottok for Bente R. Grefsrud, Reidun Bjaanes Hov mottok for Henning Vistnes og Kjerstin Ø. Thesen mottok for Jonny Lystad.