Ansvarsforsikring

Ansvarsskadeforsikring

Skadeskjema Ansvar Skadeskjema Ansvar  
Veiledning for utfylling av ansvarskadeskjema Veiledning for utfylling av ansvarskadeskjema  
Viktig informasjon rundt våre forsikringer Viktig informasjon rundt våre forsikringer  

Send skadeskjema pr. post til NLT eller til denne epostadressa: forsikring@n-lt.no

Ansvarsforsikringa har oppheva varetektsklausul, og gjev god økonomisk dekning for skade som kan skuldast avløysaren. Bør teiknast av alle lag som har arbeidsgjevaransvar.

NB! Arbeidstakar sin eigendelar er ikkje dekka av denne forsikringa. Dette gjeld t.d. briller og mobiltelefonar. På slike gjenstandar må arbeidstakar teikna privat forsikring for å ha dekning.

Forsikringa omfattar:

  • Erstatningssum pr. skade 10 mill. 20 mill. totalt pr. år
  • Familieavløysing er dekka på lik linje med andre.
  • Forsikringen omfattar i tillegg tenester innan bygdeservice og vikarformidlingverksemd. Entreprenørverksemd er utvida til å omfatta graving, peling, spunting, sprenging og bruk av eksp. masse.
  • Dekningsområde gjeld og motorvogn, traktor og arbeidsmaskiner dersom bilansvarslova ikkje trer inn. Eigendel er kr. 4000,-. For familieavløysing kr. 6000,-.
  • Vikartenester kr. 4000,-. For entreprenørverksemd kr. 15.000,-. For utvida entreprenørverksemd som nemnd i kulepunkt 3, kr. 100.000.-

Varme arbeider utanom faste, spesielt tilrettelagte arbeidsplassar skal bare utførast av personar som har gyldig sertifikat for varme arbeider.

Den sikra (avløysarlaget/landbrukstenesten) pliktar å sørgje for at deira underentreprenørar teiknar eigen gyldig ansvarsforsikring på minimum 150G, som omfattar underentreprenøren sine kontraktsarbeider.

Vi gjer merksam på at dette er ei ansvarsforsikring og ikkje ein tabbe- kaskoforsikring. Det må føreliggja ansvar hjå arbeidstakar for utbetaling.

Forsikringa omfattar arbeidsgjevars erstatningsansvar for økonomisk tap som skuldast ting- eller personskader som vert konstatert av den sikra eller skadelidde i forsikringstida og som er voldt under utøving av den verksemda som er oppgjeve i forsikringsbeviset, under dette ansvar som eigar eller brukar av fast eigedom som vert nytta i verksemda. Det er viktig å presisere at dersom avløysar av oppdragsgivar blir pålagt arbeid utanfor det avtalte arbeidsområdet, eller vert sett til arbeid vedkommande ikkje er sertifisert/kvalifisert til, vil ansvarsdekninga til laget falle bort.

Frist for å melde sak: 1 år frå det tidspunkt den sikra fekk kunnskap om dei forhold som grunna kravet mot selskapet.

NB! Produktoversikta er meint som informasjon og er ikkje uttømande vilkår.
Forsikringsvilkåra finn de her (passordbeskytta).

Spørsmål om forsikringane kan rettast til NLT, tlf. 97 11 30 74

Selskap: Landbruksforsikring AS