Agroteknikk 2015 – NLT

Om du på AgroTeknikk i år skal gå,
må du kome innom standen vår og få;
Ein god prat med kaffi i koppen,
det gjer godt i heile kroppen.

Vi er å finne på standnummer D03-14,
om lag rett innafor eine hovudporten.
Du vil få kunnskap om NLT og kva vi gjer,
vi håpar alle at vi deg på standen ser.

Konkurransar vi har av ulike slag,
dei kan de løysa aleine eller ilag.
Ta vår quiz eller tipp vekta på eit spann,
når helga er omme får vi vite kven som vann.

Det vankar premie til den som er heldig,
svarar fleire likt vert det litt meir tilfeldig.
Då trekker vi ut ein blant dei som har rett,
og sender premien i posten rett og slett.

NLT- laga kan hjelpe med så mangt,
vi er mange så du slepp å reisa langt.
94 lag rundt om i vårt langstrakte land,
står alle klare til å rekka ut ei hand.

Er du bonde og treng litt fri,
kom til oss for det fiksar vi.
Då får du informasjon om ditt lokale lag,
kontaktar du dei vil det gå slag i slag.

Ein dyktig avløysar vil då passa dine dyr,
om det er sauer, griser eller mjølkekyr.
Våre folk gjev deg ei hjelpande hand,
medan du nyt sola i eit varmare land.

Vert du sjuk og dyra ikkje får mat
er våre landbruksvikarar alltid parat.
Ta då kontakt med ditt lokale lag,
så får dyra godt stell kvar einaste dag.

Vi snakkast på Agroteknikk!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *