Administrasjonshåndbok

Administrasjonshandboka/Sticos

Pålogging Pålogging

Norske Landbrukstenester har teikna abonnement på Sticos – HMS handbok. Dette vil vere ein medlemsfordel og vil ikkje medføre ekstra kostnad for deg som er medlem i Norske Landbrukstenester. Handboka vil vera eit elektronisk system for HMS og internkontroll.

Administrasjonshandboka vår er integrert med HMS handboka frå Sticos, slik at handbøkene vert felles og samla på ein stad.

Det er sendt ut informasjon, brukarrettleiing samt naudsynte opplysningar for innlogginga til alle dagleg leiarar. Dersom du ikkje har motteke denne e-posten ta kontakt med Trude Soma Augestad som er kontaktperson i Norske Landbrukstenester.

Opplæring vil skje i form av eit Webinar som Sticos har produsert. Denne linken med webinaret vil vere tilgjengeleg og aktiv for deg fram til utgangen august. Fordelen med webinaret er at ein kan sjå filmen på nytt ved behov. Frå september vil eit nytt og oppdatert Webinar bli lagt ut. Med webinaret når dei ut til alle samtidig. Filmen kan sjåast ved høve.

Link til video: https://www.sticos.no/portal/Support/Video/HMS-Modul.aspx
Det vil vera samme innlogging her som i Sticos Personal.

Nokon av våre medlemsorganisasjonar hadde allereie brukarnamn registrert på eige mail adresse hjå Sticos. Det vart ei utfordring då kunderådgjevaren hjå Sticos skulle legge alle inn i databasen. Løysinga vart å gjere ei lita endring i brukarnamnet. Dei dette gjeld har fått ein eigen e-post vedrørande dette.  Gjeld dette deg,  må du hugse å endre e-postadressa når du har logga inn i Sticos, slik at du får tilsendt varsel e-post ved avvik i Sticos HMS hjul.

Skulle du ha behov for hjelp, kan du ta kontakt med Trude eller sende ein e-post til Sticos. E-postadressa er:  post@sticos.no  gje opp kunde nr. 133929.  Du kan også trykke på namnet ditt på «din side» og trykk på «spør Sticos» du vil då få svar på dine spørsmål.

Hjelp til «Glemt passord» eller andre funksjonalitetar i Sticos Personal finn de her: https://www.sticos.no/portal/Produkter/SticosPersonal/Kunnskapsbase

Her kan du logge deg inn