Arbeidsplan 2011
Strategisk plan
Strategisk plan for 2010 – 2015 vart vedteken av styret i 2010 og lagt fram for årsmøtet for 2009 til orientering. Denne planen legg føringar for arbeidsplanane vidare framover.
Velferdsordningane
NLT opplever meir og meir at vi vert lytta til i utviklinga av velferdsordningane. Dette er også i samsvar med eitt av hovudmåla i Strategisk plan: NLT skal vera det organet som det er naturleg å venda seg til når velferdsordningane skal formast.
For 2011 vert det fokusert på desse sakene:
- Ekstra utbetaling/forskottering av refusjon ferie/fritid
Det vart i 2010 skipa ei referansegruppe med medlemer frå forvaltninga, LMD og andre. Dagleg leiar i NLT er også med i denne gruppa som hadde to møte i 2010. Dette er eit omfattande arbeid som vert følgt opp i år. - Landbruksvikarordninga
NLT vil også dette året følgja opp ordninga via dialog og innspel til forhandlingspartane og forvaltninga. - Tilskot
Det er viktig at dei ulike tilskotssatsane følgjer kostnadsutviklinga
I Strategisk plan er det eit overordna mål å hjelpa til med å få mest moglege profesjonelle lag. For å få dette til vil vi stimulera laga til samarbeid og effektivisering både laga i mellom og NLT/laga.
Det ser ut til at det minkar litt på fusjonering av lag. NLT meiner det er viktig å utvikla enno tettare samarbeid med dei andre organisasjonane i Landbruket. Dette gjeld spesielt avtalepartane i jordbruksoppgjeret.
NLT er alltid tilgjengeleg for å hjelpa til med prosessar og utfordringar laga måtte ha.
Dette er prioriterte oppgåver i år:
- Oppfølging i fleire nemnder og utval som NLT som fagleg instans er representert i
- Ta i bruk Marknads- og kommunikasjonsplanen
- Pressekurs i samband med samlingane
- Ny samvirkelov – tilpassing av vedtekter for laga
- Nye vedtekter utarbeidd av LA er sendt ut til laga
- Utvikle og teste dataløysingar, m.a. WebTemp
- Vidare evaluering av felles naudnummer
- Internkontroll – samarbeid med Landbrukets HMS-tjeneste?
- Vidare vurdering av behov i medlemslaga.
- Halda kurs og samlingar for tillitsvalde og tilsette:
- Verneombodskurs i februar
- Vårsamling (tidlegare kalla leiarsamling), Rica Hell 24. og 25. mai
- Kurs og haustsamling – Nord, Rica Hell 11. – 13. oktober
- Kurs og haustsamling – Sør, Quality Airport Gardermoen 1. – 3. november
Medlemer
Arbeidet med å hjelpa til for å få mest mogleg profesjonelle og kunnige lag må halda fram. Gjennom dette kan vi visa dei som i dag ikkje er medlemmer i laga kva vi kan gjera for dei.Det må vere eit mål at dei fleste bønder med rett til avløysartilskot er medlemmer og nyttar laga. I strategisk plan er det eit overordna mål at 90% av bøndene som har rett til avløysartilskot skal vera aktive medlemmer innan 2013.
Profilering
I budsjettet for 2011 er det sett av kr. 200.000,- til ymse profileringstiltak
- Plakatar med felles profil
- Hjelp til heimesider. Dette gjeld både oppdatering av laga sine eksisterande heimesider og førstehjelp til dei laga som ikkje har
- Fast side i Bondebladet
- Bruk av lokalpressa (Marknads- og kommunikasjonsplanen)
Landbruksvikarordninga har nok hjelpt mange lag med å halda på stabil og god arbeidskraft. For å halda på desse og anna arbeidskraft er det viktig at vi har god personalhandsaming. Vi vil legga til rette for at laga får den hjelp dei treng for å halda medarbeidarane sine oppdaterte gjennom opplæring; både på HMS og utvikling av det faglege. Vi må også halda fram arbeidet for at oppdragsgjevarane (bøndene) skal i enno større grad vera profesjonelle arbeidsleiarar. Om vi skal nå målet vårt i Strategisk plan om at vi skal dekke minst 80% av innleigd arbeidskraft i landbruket innan 2014, må vi visa til at organisasjonen vår er den rette til å organisera denne arbeidskrafta.
Økonomi
Frå nokre lag høyrer vi at landbruksvikarordninga vert ei belastning for økonomien. NLT vil i samarbeid med premissleverandørane sjå nærare på dette.For å styrkja økonomien i laga elles vil NLT leggja forholda til rette for å utvida og utvikla sunne tenestetilbod.


