Postadresse: Postboks 21, 5486 Rosendal Telefon: 53 48 22 80 E-post: post@n-lt.no

Online hjelp

Aktivitetskalender

Nyhetsbrev

Ved jamne mellomrom vil vi sende ut nyhende på epost. Her kan de melde dykk på eller av denne tenesten. 



Translate this page

Kongens Fortenestemedalje i sølv tildelt Trygve Fredheim

Av: | 11. November, 2009
Legg til Facebook Legg til Nettby Print Kommentarer (5)

Kongens Fortenestemedalje i sølv vart onsdag ettermiddag overrekt Trygve Fredheim på Gardermoen. Ordførar i Kvinnherad, Synnøve Solbakken, overrekte medaljen under haustsamlinga til Norske Landbrukstenester. Vel 170 personar var tilstades under utdelinga, heidersmannen sjølv var heilt uvitande om hendinga og vart særs overraska.


Trygve Fredheim har først og fremst gjort ein stor innsats for utvikling av avløysarordninga i Noreg. Han har, sidan han vart tilsett som dagleg leiar i Kvinnherad Avløysarlag 1. juli 1983, arbeida for å utvikle og tilpasse avløysarordningane til det beste for den norske bonde. Frå 1. mai 1991 og fram til 1. september 2007 har Trygve i tillegg også vore tilsett som dagleg leiar i Norske Landbrukstenester (NLT), som er ein medlems-/interesseorganisasjon for alle avløysarlag i Noreg. Hovudformålet til NLT er å legga til rette for gode velferdsordningar i landbruket slik at bonden er sikra ferie/fritid og beredskap under sjukdom.  Utanom arbeidslivet har Trygve vert ein pådrivar i lokalsamfunnet. Då han budde i Uskedalen var han engasjert i lagslivet der, ikkje minst i musikklaget, der han spela stortromme. Reiste også og spelte til dans før denne perioden.  

I 1985 var han pådrivar til å starte eit Bygdelag for Ænes og Mauranger. Han meinte det var viktig at bygdene hadde eit samla talerøyr. Bygdelaget har utvikla seg godt, og eksisterer den dag i dag.

Same året var han i kontakt med lakseprodusenten Sjøtroll i Austevoll. Dei var interessert i at elva i Sundal vart utnytta til produksjon av laksesmolt. Trygve fekk med seg dei andre grunneigarane til elva, og var primus motor i oppbygginga av dette anlegget som først var eigd av grunneigarane. I dag er anlegget eigd av Sjøtroll. Her er no 4 faste arbeidsplassar(årsverk).
Ordførar i Kvinnherad, Synnøve Solbakken, overrekkjer Kongens Fortenestemedalje i sølv til Trygve Fredheim

Straks over hundreårsskiftet starta han arbeidet med å få restaurert den gamle vegen frå Sundal til Folgefonna (også kjent som Keisarstien). Han har lagt ned mykje arbeid med å skaffa midlar til denne opprustinga, noko han også klarte. Vegen er no ferdig opprusta, slik at han faktisk er brukande både for gåande og hestetransport.
 

Vi i Norske Landbrukstenester er takksame for innsatsen til Trygve. At han no har fått Kongens Fortenestemedalje tykkjer vi er særs fortent. Vi ynskjer han til lukke med medaljen og håpar Trygve fortset med sitt engasjement i framtida både for arbeidslivet og lokalsamfunnet.



Tilbake


Hei, Trygve! Eg vart så glad då eg såg i Bondevennen at du hadde fått Kongens fortenestemedalje!
I årevis har eg ønskt du skulle verte heidra på skikkeleg vis, så dette synst eg var kjempekjekt! :)
Du har gjort ein fabelaktig og uthaldande innsats i løpet av desse åra! Gratulerer med tildelinga!

Beste helsing Bente

Skrevet av Bente Juveng Øpstad
24.11-2009  18:06

Gratulerer Trygve. dette var vel fortjent.

Skrevet av Gunn-Eli U. Sandvik
23.11-2009  11:44

Kjempeflott. Den har du virkelig gjort deg fortjent til. Gratulerer så mye.

Skrevet av Øvrelid Olav
16.11-2009  11:17

Gratulerer med vel fortent heider, Trygve. Takk for lagt, inspirerande og godt samarbeid.
Helsing Turid

Skrevet av Turid Leirvoll Øverås
14.11-2009  15:18

Dette var en positiv overraskelse! Gratulerer med velfortjent medalje Trygve, jeg og mange med meg er stolt av arbeidet du har utført! Tenker at selv du ble målløs. Hilsen wenche

Skrevet av Wenche Husby
13.11-2009  13:31



Søk på nettstaden

Search

Nyhende frå NRK