Årets Lag 2015

Årest Lag 2015 vart Vestfold Landbrukstjenester, her representert med styreleiar Jon Herman Wold-Hansen og dagleg leiar Runar Wold

Vestfold Landbrukstjenester (VLT) vart kåra som Årets Lag i NLT-organisasjonen i 2015.  Årets Lag er ei markering av eit medlemslag som har utmerka seg gjennom året i høve profesjonalitet og medlemsyting.  VLT er eit lag som stadig er i utvikling, har sunn og god økonomi, og blant anna har utvida drifta si ut mot gartnar og grøntsektoren. Laget er og eit føregangslag 2+2 ordninga og Webtemp.  I tillegg er det eit lag som alltid deltek på samlingar i regi av NLT. Vi gratulerer og ynskjer dei lukke til med vidare arbeid.